Boligbygging i storbyene - virkemidler og handlingsrom

Forfattar:
Rolf Barlindhaug, Arne Holm, Berit Nordahl og Helge Renå
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
KS - Program for storbyrettet forskning
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

NIBR har kartlagd verkemiddel som dei fem storbyane pluss Stavanger sine nabokommunar har brukt i utbyggingspolitikken i perioden 1980 og fram til 2014 (ved utarbeiing av rapporten). Dagens situasjon og utfordringar er vektlagd. Det er fokusert på kva slags handlingsrom endringar i lovar og avtalar dei seinaste åra har gitt storbykommunane. Forholdet mellom kommunane sine mål i utbyggingspolitikken og det mulighetsrommet dei oppfattar at dei har, vert også drøfta.

Oversikt over hovudfunn

  • Dagens verkemiddel innanfor reguleringsmyndigheita er for begrensande for fleire av kommunane, slik at kommunar som har mål utover å byggje nok, vel å involvere seg på eigarsida i prosjekta.   
  • Kommunane har langt på veg avvikla si rolle i den generelle tomteforsyninga etter at konsesjonslovgjevinga vart endra slik at kommunane ikkje lenger vart åleine om å kunne kjøpe areal i LNF (landbruks-, natur- og frilufts-) områda. Når kommunane i dag skal drive oppkjøp i fri konkurranse med private blir tomtene ofte svært dyre, og ofte spesielt utfordrande å nytte til sosiale føremål.
  • Å etablere eit felles selskap mellom grunneigarane er ei alternativ løysing i staden for urbant jordskifte. Store tiltak krev ofte at kommunen må forskotere tiltaket. Dette vert opplevd som krevjande for kommunane. Det kan vere uklarleik omkring for eksempel store nødvendige infrastrukturinvesteringer som må gjerast før utbygging kan starte og relevanskravet i utbyggingsavtalar. Kva kan belastast grunneigarane/utbyggarane og kva må kommunen sjølv finansiere?

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Boligbygging i storbyene - virkemidler og handlingsrom NIBR-rapport 2014:8