Bolig og levekår i Norge 2004

En artikkelsamling

Forfattar:
L. Gulbrandsen (red.)
Publisert av:
NOVA rapport 2/2006
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Nova

Kort om publikasjonen

Denne rapporten er basert på Statistisk sentralbyrå sine temaroterande levekårsundersøkingar. Eitt av temaa som blei dekt i levekårsundersøkingane i 1997, 2001 og 2004 var bustad. Rapporten er ein analyse av spørsmåla om buforhold frå 2004, og i tillegg delar av materialet frå 1997 og 2001. Rapporten er bygd opp i form av ei artikkelsamling med ulike tema og ulike forfattarar. Sluttkapittelet summerer opp artiklane og peikar på vidare forsking.

Oversikt over hovudfunn

  • Materielle eigenskapar ved bustadmassen viser stor stabilitet.
  • Noreg er eit land dominert av einebustader. I perioden 1997–2004 har delen av befolkninga som bur i einebustad, vore like oppunder 60 prosent.
  • Den norske einebustadtradisjonen har ikkje tatt særleg omsyn til tilgjengelegheit. Vel 60 prosent av norske bustader strekker seg over minst to plan.
  • Nesten halvparten av husstandane som eig bustad, har ikkje bustadgjeld.
  • Blant unge einslige og unge par er det ein større eigardel i 2004 enn i 1997.
  • Vel 20 prosent av norske husstandar leiger til ei kvar tid bustad.
  • To tredelar av utleigarane er privatpersonar.
  • Unge i etableringsfasen utgjer den største gruppa av leigebuarar.
  • Dei som leiger, har gjennomgåande dårlegare buforhold enn dei som eig sin eigen bustad.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Bolig og levekår i Norge 2004

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon