Bolig, helse og sosial ulikhet

Forfattar:
Arne Backer Grønningsæter og Roy A. Nielsen
Publisert av:
Helsedirektoratet
Utgivingsår:
2011

Kort om publikasjonen

Rapporten drøftar korleis faktorar som inneklima, eige- og leigetilhøve, plassering, nabolagsprofil med vidare kan ha tyding for helse, og på kva måte butilhøve kan vere med på å produsere, oppretthalde eller jamne ut sosiale helseforskjellar.

Oversikt over hovudfunn

  • Rapporten identifiserer ei rekkje høve ved bustaden og bumiljøet som påverkar helsa: Dårleg inneklima, liten plass og ytre forureining er nokre eksempel på faktorar i og rundt bustaden som kan ha direkte konsekvensar for helsa.
  • Dei same faktorane kan påverke attraktiviteten og prisen på bustaden, og såleis påverke kven som kan eller vil kjøpe (og bu) der. Dette kan dermed vere moglege årsakar til sosiale forskjellar i helse som er knytta til bustaden.
  • Oppvekstvilkår utgjer eit komplisert samspel av forskjellige faktorar. Born i familiar med låg inntekt utviklar på lang sikt dårlegare helse enn born flest. Familiar i låginntektsgruppene flyttar oftare, og er overrepresenterte i leigebustader og i små bustadar.
  • Fleire leigetakarar enn sjølveigarar hadde helseproblem.
    Dei som bur i einebustad, tomannsbustad og i rekkjehus vurderer si eiga helse som betre  enn dei som bur i andre typar bustader.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten