- Forfattar:
- A. Holm, M. K. Helgesen og S. Lid
- Publisert av:
- NIBR-rapport 2015:8
- Utgivingsår:
- 2015
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Rapporten drøftar samhandlinga mellom forvaltningsnivåa ved utskriving av institusjon og lauslating frå fengsel. Dei legale rammene for samarbeidet mellom kommunane og institusjonane blir særleg vektlagt. Eit spesielt fokus er på samhandlingsreforma sitt avtaleverk. Studien drøftar fasar i busettingsarbeidet, og utfordringar knytte til både horisontal og vertikal samhandling i forhold til å få til ein heilskapleg bustadpolitikk for personar som har opphald i institusjon eller fengsel.
Rapporten er basert på to hovudkjelder: 1) samhandlingsavtalar mellom institusjonar, helseføretak og kriminalomsorg på den eine sida og kommunen på den andre, og lovverk, statlege rettleiarar og andre styringsdokument og 2) kvalitative intervju med relevante aktørar.
Oversikt over hovudfunn
Suksessfaktorar ved samarbeidsavtalane:
- forankring
- heilskapleg gjennomføring
- operasjonalisert gjennomføring
- at avtalane ryddar og definerer sakene organisatorisk