Bokostnadsindeksen for norske husholdninger


Forfattar:
Samfunnsøkonomisk analyse AS (Prosjektleder Andreas Benedictow)
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Huseiernes Landsforbund
Oppdragsutførar:
Samfunnsøkonomisk analyse

Kort om publikasjonen

Berekning av ein bukostnadsindeks med føremål å vise detaljert utvikling i bukostnadane for eit gjennomsnittleg hushald. Berekningane er gjennomført for alle norske kommunar. Rapporten dokumenterer og drøftar i tillegg metodane som er brukt, og presenterer resultat frå berekningane.

Oversikt over hovudfunn

  • Analysen syner at bukostnadane samla sett har variert noko over tid.
  • Nominelt var bukostnadane på om lag same nivå i 2016 som i 2010. Både justert for konsumprisutviklinga og som del av disponibel inntekt gjekk dei dermed noko ned i den same perioden.
  • Frå 2016 til 2017 auka likevel bukostnadane både nominelt og reelt.
  • Skilje mellom marknadsbestemte kostnadar og kostnadar bestemt av styresmaktene. Marknadsbestemte kostnadar har dei siste åra vore prega av låge renter og låge straumprisar. Myndigheitsbestemte bukostnadar har derimot auka gjennom heile dataperioden frå 2010 – 2017 som følgje av at alle hovudkomponentane har gått opp - både myndigheitsbestemte energikostnadar, eigedomsskatt og kommunale avgifter. Bukostnadane varierer også betydeleg på tvers av landet, både med omsyn til nivå og utvikling.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Bokostnadsindeksen for norske husholdninger

Lengre samandrag av publikasjonen

På oppdrag for Huseiernes Landsforbund, har Samfunnsøkonomisk analyse berekna bukostnadane for eit gjennomsnittleg hushald i Noreg, definert ved ein einebustad på 120 kvm. Føremålet har vore å få betre oversikt over korleis bukostnadane utviklar seg over tid - både dei samla kostnadane og underkomponentar på eit relativt detaljert nivå. Kostnadane er berekna på kommunalt nivå. Dette gjer samanlikningar på tvers av regionar mogleg. 

Analysen syner at bukostnadane samla sett har variert noko over tid. Nominelt var dei på om lag same nivå i 2016 som i 2010. Både justert for konsumprisutviklinga og som del av disponibel inntekt gjekk dei dermed noko ned i den same perioden.
 
Frå 2016 til 2017 auka likevel bukostnadane både nominelt og reelt.
 
I rapporten vert skiljet mellom marknadsbestemte kostnadar og kostnadar bestemt av styresmaktene påpeika. Marknadsbestemte kostnadar har dei siste åra vore prega av låge renter og låge straumprisar. Myndigheitsbestemte bukostnader har derimot auka gjennom heile dataperioden frå 2010 – 2017 som følgje av at alle hovudkomponentane har gått opp, myndigheitsbestemte energikostnader, eigedomsskatt og kommunale avgifter. Bukostnadane varierer også mykje på tvers av landet, både med omsyn til nivå og utvikling. 

Det er særleg stor skilnad i bustadprisar frå storbyane til dei mindre kommunane i innlandet og langs kysten. Dette påverkar mellom anna kor stort lån hushalda må ta opp for å kjøpe bustaden, og dermed kor store rentekostnadane vert. 

Både eigedomsskatt og kommunale gebyr vert dessutan fastsett i kvar einskild kommune, noko som fører til kommunale variasjonar. Rapporten dokumenterer også at lågt rentenivå saman med låge straumprisar gjennom perioden har bidratt til å halde hushalda sine totale bukostnadar stabile. Auka som kom mellom 2016 og 2017 kan likevel verte forsterka dei neste åra. Varsla renteauke, auke i nettleige og straumprisar, vekst i gebyr for vann- og avlaup og ei auke i eigedomsskatten inneber risiko for at hushalda sine totale bukostnadar vil auke utover forventa reallønsvekst.

Samfunnsøkonomisk analyse har utarbeidd alle kostnadselementa som inngår i bukostnadsindeksen for alle kommunar i landet.  For einskilde av kostnadselementa (eigedomsskatt og kommunale avgifter) finst det statistikk på kommunenivå, medan det for andre kostnadselement (rentekostnader, energikostnader, forsikring og vedlikehald) er berekna tal på kommunenivå. Utviklinga av indeksen gir dermed informasjon som kan samanliknast når det gjeld utvikling i alle kostnadselementa på kommunenivå.

Den nasjonale indeksen vert danna av det vekta gjennomsnittet av bukostnadene på kommunenivå, kor det er nytta befolkningsstatistikk for å vekte tala.