Bo hele livet

Forside SINTEF-rapport Bo hele livet

Nye bofellesskap og nabolag for gammel og ung

Forfattar:
Karin Høyland, Karine Denizou, Trond Halvorsen, Ellinor Moe
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Helse- og omsorgsdepartementet
Oppdragsutførar:
SINTEF Community

Kort om publikasjonen

Rapporten viser ei rekke eksempel frå inn- og utland som representerer nytenking på feltet buformer for eldre. Likevel er det framleis behov for fleire forsøk, og erfaringane må i større grad etterprøvast og verte spreidde. Rapporten gir tilrådingar om utforming av nye bustadkonsept og tilpassing av eksisterande bustadmasse, og peiker på kor viktig det er med områdeplanlegging som legg vekt på prinsippa om sosial berekraft og blanda bumiljø.

Oversikt over hovudfunn

SINTEF har gått gjennom gjeldande regelverk og stimuleringsordningar. Basert på casane og drøftinga presentert i rapporten, vert nye modellar og verkemiddel foreslått. Dette er blant anna:

  • Fleirgenerasjonskonsept. Bidra til å etablere fleire nye kombinasjonar av tilbod.
  • Marknadsføring og støtte til sjølvinitierte bufellesskap. Hjelp til samarbeidsprosessar med bebuarar, utbyggarar, entreprenørar og kommunane.
  • Ordning for etablering av butilbod for eldre utan tilstrekkeleg bustadkapital.
  • Heilskapleg oppgradering av eksisterande buområde, med særleg vekt på etablering av heis i lågblokker, felles uteareal med universell utforming og moglegheitsstudier for fortetting.
  • Sosialt berekraftig områdeplanlegging må få auka prioritet. Det er behov for å jobbe enda betre med samspelet mellom bustader, næringsliv, kulturtilbod og offentlege tenester der møter mellom generasjonar og fleirbruk av felles areal ute og inne i nærområde er viktige verkemiddel.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten (pdf)

Lengre samandrag av publikasjonen

Føremålet med prosjektet har vore å presentere forslag og eksempel på ulike buformer som er tilpassa eit aldersvenleg samfunn. Arbeidet skulle i tillegg gi tilrådingar om justering av verkemiddel eller nye verkemiddel, og peike på eventuelle behov for ytterlegare utgreiingar. Bakgrunnen er ambisjonane i stortingsmeldinga Leve hele livet (Helse- og omsorgsdepartementet, 2018) om at utviklinga av bustader for eldre skal leggje til rette for ein aktiv alderdom, og gjerast i samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Studien er basert på intervju med tilsette i norske kommunar og i embetsverket, synfaringar ved utvalde bygningar/område og intervju med bebuarar og prosjektleiarar. I casesamlinga viser eksempla at fysisk nærleik og samlokalisering er eit sterkt verkemiddel for at ulike menneske skal møtast og samhandling kan skje. Dette må derfor vurderast som eit viktig strategisk verkemiddel for å realisere målsettingane om levande og blanda lokalsamfunn slik det er beskrive både i Leve hele livet og i folkehelsemeldinga Gode liv i et trygt samfunn (Helse- og omsorgsdepartementet, 2019).

Casane viser at det ikkje finst eitt svar eller eitt konsept som er riktig. Det er heller grunn til å prøve ut fleire ulike kombinasjonar av tilbod som kan bringe nye funksjonar og aldersgrupper saman. Det er ikkje naudsynt at generasjonane  bur under same tak,  det kan vere nok å vere naboar. Det er viktig at det finst areal (ute og inne) og aktivitetar ein kan samlast om. Vidare kan organisatorisk samarbeid vere ein viktig faktor for at samhandling og møter faktisk skjer. Forskarane bak rapporten ser det som svært viktig å samle og spreie erfaringane som har vorte gjort, slik at nye konsept byggjer vidare på desse erfaringane. Sidan Husbanken si støtte til førebilete og pilotar ikkje finst lenger, er det få stimuleringsordningar i Noreg som kan bidra til å omsetje målsettingane i Leve hele livet til konkrete planar eller løysingar. Det er stor variasjon i kva grad tilrettelegging for eldre er vorte eit tverrfagleg ansvarsfelt i norske kommunar. Casane viser at bustadpolitikk og områdeplanlegging er viktige strategiske verkemiddel for at eldre kan meistre kvardagen sjølve, anten det handlar om praktiske gjeremål, om å vere aktiv eller å kunne vere saman med andre.

Det å bu saman med andre kan vere ein god strategi for å hindre einsemd og inaktivitet. Erfaringane frå casane er gode. Bebuarane trekk fram verdien av at nokon bryr seg og har omtanke for dei. Det å tilretteleggje bustader for eldre handlar om meir enn å skaffe universelt utforma bustadar, dei må også i større grad inspirere til fellesskap og aktivitetar.

Kommunale utleigebustader: Ein bustadbasert omsorgspolitikk fordrar at det også finst bualternativ for eldre som av ulike grunnar ikkje har bustadkapital til å skaffe eigen tilrettelagt bustad. Case-presentasjonane gir fleire eksempel på utleigebustader i bufellesskap. Den svenske modellen med tryggleiksbuande er å rekne som ei vellukka løysing. Terskelen for å flytte dit er låg og er ikkje på same måte sterkt behovsprøvd som omsorgsbustadene i Noreg.

Områdeplanlegging: Dei fleste møter på tvers av generasjonar og alder skjer i det offentlege rom ute og inne. Det bør i langt større grad leggjast vekt gode sosiale møteplassar når nye og eksisterande områder skal utviklast. Internasjonalt vert dette omtala som sosial berekraft. Sosial berekraft vert blant anna målt ut frå sosial miks, fleirbruksareal og andel offentlege areal. Casane som vert skildra i rapporten, illustrerer og stadfester desse punkta.

Oppgradering med tilgjengelegheit som mål – heis eit sentralt verkemiddel: For at eldre skal ha ein reell moglegheit til å bu heime så lenge dei sjølv ønsker, er det naudsynt å auke tilgjengelegheita med fleire heisar i bygardar og lågblokker. Heis er sannsynlivis enkelttiltaket som best kan bidra til at fleire kan verte buande, sjølv om bustadene ikkje fullt ut er tilgjengelege.

Bustadrådgjeving: For å auke omfanget av tilrettelagte bustader i eksisterande bustadmasse er det viktig å nå fram også til meir ressurssterke menneske, før deira behov vert prekære og på eit tidspunkt då dei er i stand til å ta sjølvstendige val. Eit mål bør vere at dei på sikt kan verte mest mogleg sjølvhjulpne, derfor bør dei som nettopp har kjøpt brukt bustad vere ein del av målgruppa. Merksemd bør rettast mot auka brukskvalitet, snarare enn berre om auka komfort, modernisering og lågare straumrekning.  

Eit felt som ligg mellom fleire politikkområde:
Planlegging for dei eldre sin bu- og livskvalitet ligg i skjeringspunktet mellom mange kommunale politikkområde og tenester. Ofte er dette arbeidet ein integrert del av ei breiare satsing på sosialt berekraftige samfunn. Mange kommunar har blitt drivne i å bryte ned siloveggane og jobbar med tema som bustadpolitikk, omsorgspolitikk, distriktspolitikk, velferdsteknologi og aldersvenleg områdeplanlegging i konteksten av livskraftige sentrar, omdømmebygging og attraktivitet. I desse kommunane finn vi dei gode førebileta, men det kan bli fleire av dei. Eit av suksesskriteria synast å vere at kommunen klarer å halde fokus på sentrumsstrategi over fleire år. Dette krev god forankring i administrativ og politisk leiing.

Eit anna trekk som går igjen i fleire kommunar, er at arbeidet med områdeplanlegging og sentrumsutvikling eksplisitt har hatt eldre som ei av fleire målgrupper. Ei heilskapleg tilnærming bidrar til at ein ikkje berre legg til rette for å utvikle bustader for eldre, men også evnar å utvikle det nærmiljøet som eldre skal delta i, og som gjer at dei nettopp kan realisere ambisjonane i kvalitetsreforma "Leve hele livet".