Arbeidsrettet bosetting av flyktninger i norske kommuner

Forvaltningspraksis, kunnskapsgrunnlag og innspill til metodikk

Forfattar:
K. Hidle og A. Vangstad
Publisert av:
FoU-rapport nr. 3/2008
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Oppdragsutførar:
Agderforskning

Kort om publikasjonen

Eit mål i forvaltinga av busettingsarbeidet er at flyktningane skal busettast raskt etter vedtak om opphald, og at busettinga skal føre til arbeid og evne til økonomisk sjølvhjelp. Rapporten undersøker korleis busettingsarbeidet kan bidra til at fleire flyktningar kjem i arbeid. Han drøftar kva for vilkår som ein kan tenke må vere til stades og korleis dette eventuelt utfordrar gjeldande forvaltningspraksis.

Oversikt over hovudfunn

  • Delar av forvaltningspraksisen og retningslinjene for denne praksisen er slik innretta at sysselsetting og kvalifisering nødvendigvis ikkje blir tilstrekkeleg fremma, om vi tenker i eit langsiktig perspektiv.
  • Kva sysselsettingsperspektivet inneheld, er uklart, men det ser i alle fall ut til å vere ei ideologisk dreiing i retning kvalifisering og totalsituasjonsforståing, og bort frå busetting direkte til arbeid som eit idegrunnlag.
  • Langt på veg går rapporten sine anbefalingar i retning av ei forsterking av den kvalitative kunnskapen som blir generert i kontakten som i dag er mellom kommunane og IMDi.

Lenke til meir informasjon

Les sluttrapporten Arbeidsrettet bosetting

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon