- Forfattar:
- K. Thorshaug, M. Valenta og B. Berg
- Publisert av:
- NTNU Samfunnsforskning
- Utgivingsår:
- 2009
- Oppdragsgivar:
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
- Oppdragsutførar:
- NTNU Samfunnsforskning
Kort om publikasjonen
Temaet for rapporten er norske kommunar sine erfaringar med den auka arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa etter EU-utvidinga i 2004. Formålet med rapporten er å gi betre kunnskap om korleis arbeidsinnvandringa blir opplevd og tatt imot av det kommunale tenesteapparatet. (Rapporten tar særleg føre seg norskundervisning, men i denne oppsummeringa blir det som handlar om bustad vektlagt.)
Undersøkinga blei gjennomført hausten 2008 og består av ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. Det er gjennomført i overkant av 30 intervju med tilsette ved ulike einingar i seks kommunar, og i tillegg intervju med representantar for statlege og private organisasjonar. I tillegg har 264 kommunar svart på ei breiddeundersøking.
Oversikt over hovudfunn
- Kommunane opplever ressursmessige utfordringar.
- I enkelte einingar er det uklare oppfatningar om ansvarsfordelinga knytt til arbeidsinnvandrarar og deira familiar.
- Det er eit aukande fokus i fleire kommunar på arbeidsinnvandrarar og deira familiar sine behov.
- Fleire av utfordringane er knytte til bustad, kommunikasjon og tilrettelegging av språkopplæring.
- Små og store kommunar opplever arbeidsinnvandringa på ulike måtar når det gjeld presset på bustadmarknaden.
- Når det gjeld små kommunar, er ei av dei største utfordringane knytt til bustadproblematikk.
- Arbeidsinnvandrarar, både med og utan familiar, er skeptiske til å ta opp store huslån, noko som gjer det vanskeleg å etablere seg på bustadmarknaden.
- Informantane etterlyser større kunnskap om og bruk av Husbanken sine ordningar.
Lenke til meir informasjon
Les heile rapporten «Arbeidsinnvandring – Konsekvenser for det kommunale apparatet