Bostedsløses kontaktflate

Forfattar:
S. Østerby
Publisert av:
Byggforsknotat 2006:86
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Byggforsk

Kort om publikasjonen

I samband med kartlegginga av bustadlause 2005 ble det spurt etter ein gjennomgang av dei bustadlause si kontaktflate. Formålet har vore å analysere strukturar i offentlege og private instansar sin kunnskap om bustadlause, slik desse strukturane kjem fram i dataa frå kartlegginga. Notatet undersøker kva for instansar som har hatt kjennskap til mange og få bustadlause, og om det er systematiske forskjellar mellom dei gruppene av bustadlause som ulike instansar har kontakt med.

Oversikt over hovudfunn

Kommunane står sentralt i kontakten med bustadlause:

  • Særleg gjeld dette sosialtenesta.
  • Dernest gjelde det dei kommunale bustadtenestene.
  • Så kjem dei kommunale rustenestene, inkludert utekontakten.

Utanom kommunane har rusinstitusjonar, døgnovernattingstilbod, kriminalomsorga og instansar i psykisk helsevern den breiaste kontakten.

Det er avgrensa presisjon i dei opplysningane dei ulike instansane sit med.

Lenke til meir informasjon

Last ned notatet Bostedsløses kontaktflate