Boligtilskudd til etablering. Et effektivt virkemiddel?

Forfattar:
K. C. Astrup
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I dette notatet drøftar ein effektiviteten til det bustadsosiale verkemiddelet bustadtilskot til etablering. Formålet med verkemiddelet er å få fleire vanskelegstilte inn på eigarmarknaden ved å gi eit rente- og avdragsfritt lån som blir avskrive over 20 år. Bustadtilskot til etablering blir berre gitt til vanskelegstilte som ein vurderer til å ha varige etableringsutfordringar i bustadmarknaden. I notatet blir det tatt opp to hovudproblemstillingar:

  1. Ville bustadtilskotet vore meir effektivt dersom det blei gitt utan avskriving? Kor viktig er tilskotsavskrivinga for den enkelte mottakaren?
  2. Er kommunane sin bruk av verkemiddelet effektivt? Eksisterer det eit lite nytta samspel med andre verkemiddel som gjer det mogleg med ei meir effektiv utnytting av tilskotet?

Notatet er basert på ein teoretisk gjennom gang av gjeldande forskrifter, retningslinjer og liknande, og i tillegg analysar av illustrerande casar.

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadtilskotet bør heile tida i sest i samanheng med bustøtte og fastrente. Sidan startlån i mindre grad blir nytta saman med fastrente, er det derfor lite som tyder på at dette samspelet er utnytta i praksis.
  • I den grad dette ikkje blir gjort i praksis, vil det vere eit uutnytta samspel mellom bustøtte og bustadtilskot, og såleis eit tilsvarande effektiviseringspotensial av bustadtilskotsordninga.
  • Generelt vil det å utnytte tilskotet sitt samspel med bustøtte og fastrente føre til at ein også utnyttar mekanismen med inflasjonssparing fullt ut.
  • Denne individuelle nytta av tilskotet er truleg mindre enn det ein tidlegare trudde. Det er særleg to forhold som forklarer dette.
  • Behovet for bustadkapital går ned med tida grunna den kapitalen som blir akkumulert som følge av inflasjonssparing, avdragsbetalingar og prisvekst.
  • Det er betydelege fordelar med bustadeige samanlikna med leige i Noreg. Eigarfordelen blir forsterka av omfattande skattefordelar, i tillegg til moglegheita for å ta del i den positive langsiktige verdiutviklinga i bustadmarknaden.
  • Notatet tilråder tiltak for å sikre ei meir effektiv bustadtilskotsordning, mindre avskriving av bustadtilskotet, lang nedbetalingstid på startlånet når bustadtilskotet blir avskrive, at tilskotet bør sest i samanheng med fastrente, og at bustadtilskotet bør sest i samanheng med bustøtte.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten "Boligtilskudd til etablering. Et effektivt virkemiddel?"