Boligsosialt arbeid og organisering

Et utviklingsprosjekt for kommuner med utfordringer i å koordinere det boligsosiale arbeidet

Forfattar:
Else Ragni Yttredal, Susanne Moen Ouff, Gunnvor Bakke, Margrethe Eikrem
Publisert av:
Møreforsking: Notat nr 4/14
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken Midt-Norge
Oppdragsutførar:
Møreforskning

Kort om publikasjonen

Prosjektet «Boligsosialt arbeid og organisering» tar sikte på å bidra til ei betre koordinering av bustadsosialt arbeid i kommunane Ålesund, Kristiansund, Melhus og Namsos. Dette er ein prosjektrapport frå dette arbeidet.

Prosjektet har i hovudsak bestått av tre element:

  1. Det er gjennomført ein nettverksanalyse (SNA) i kvar kommune. Denne viser relasjonar og kommunikasjonsmønster i det bustadsosiale nettverket og dannar grunnlag for kommunane sitt vidare arbeid med samordning av bustadsosialt arbeid.
  2. Kommunane har gjennom kommunevise, månadlege arbeidsmøte fått høve til å løfte fram bustadsosiale spørsmål, og arbeidd mot å etablere ein handlingsplan for bustadsosialt arbeid i kommunen. Møreforsking har deltatt på to av desse møta.
  3. Kommunane har deltatt på to nettverkssamlingar der ein i tillegg til kunnskapsoppbygging også har hatt som mål å bli kjente med kvarandre, både som kommunar og som kollegaer.

Nettverksanalysar kan ikkje gi noko fasitsvar på korleis ein kommune bør organisere det bustadsosiale arbeidet. Men slike analyser kan avdekke og visualisere korleis kommunikasjonsmønsteret ser ut i dag, og dermed gi kommunane høve til å diskutere kva dei ønsker å bevare, og kva dei ønsker å forandre. Møreforsking sitt arbeid for kommunane munna ut i kommunevise notat både knytte til nettverksanalysar og innspel til vidare arbeid i kommunane.

Notatet er basert på nettverksanalysen og erfaringar Møreforsking har gjort seg i prosjektperioden, blant anna ved å delta på arbeidsmøte.

Notatet presenterer styrkar og svakheiter i kvar enkelt kommune.

Lenke til meir informasjon

Last ned notatet "Boligsosialt arbeid og organisering"

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon