Boligsosiale utfordringer og løsninger

En forstudie til Boligsosialt utviklingsprogram i Lørenskog kommune

Forfattar:
Å. Langsether og H. C. Sandlie
Publisert av:
NOVA notat nr 8/10
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Lørenskog kommune
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Som deltakar i Husbanken sitt «Boligsosialt utviklingsprogram» var Lørenskog kommune pålagt å gjennomføre ein forstudie med fokus på bustadsosiale utfordringar i eigen kommune. Dette notatet rapporterer på denne forstudien. Forstudien var meint å gi kommunen eit betre grunnlag for å definere prioriterte mål og peike ut satsingsområde. Satsingsområda skal vidare danne eit utgangspunkt for hovud- og delmål i ein bustadsosial handlingsplan.

Denne forstudien dekker følgande fire tema:

  1. Kartlegging av den bustadsosiale nosituasjonen i kommunen
  2. Ein analyse av dagens system med hovudvekta på å belyse verksemda si organisering, korleis ansvaret er fordelt på ulike roller, kva måtar ein arbeider på, samarbeidet med ikkje-kommunale aktørar og kommunen sin bruk av tilgjengelege bustadsosiale verkemiddel
  3. På grunnlag av kartlegginga og analysane identifiserer og beskriv ein kommunen sitt utviklings- og forbetringspotensial i det bustadsosiale arbeidet.
  4. Avslutningsvis presenterer ein nokre konkrete satsingsområde og tiltak i kommunen sin vidare bustadsosiale innsats.

Rapporten er basert på offisielle dokument frå Lørenskog kommune, data frå KOSTRA og intervju. Til saman blei 14 personar intervjua; ni frå den
kommunale forvaltninga, éin på rådmannsnivå, éin politikar, éin person frå samarbeidande offentleg etat og to brukarrepresentantar frå Mental helse.

Oversikt over hovudfunn

  • Lørenskog har hatt ei befolkningsutvikling som i hovudtrekk er lik utviklinga i andre kommunar med den same størrelsen og geografisk plassering. Kommunen er prega av å vere nabokommune til Oslo.
  • Den bustadsosiale aktiviteten i Lørenskog har ei fragmentert organisering, noko som skaper problem for samordna bruk av dei bustadsosiale verkemidla og utvikling av tiltak overfor personar med samansette hjelpebehov.
  • Det er brei semje blant informantane om at kommunen i dag disponerer for få bustader, og at det er eit misforhold mellom bustadtilbod og behov med omsyn til både størrelse og spesiell tilrettelegging.
  • Kommunen har hatt eit underforbruk av den statlege bustøtta.
  • Notatet listar opp 15 utfordringar og moglegheiter for forbetring på ulike nivå. Ut ifrå desse er det fire område kommunen burde satse på: utviklinga av ein bustadsosial handlingsplan, organiseringa av det bustadsosiale arbeidet, etablering av rutinar for ei aktiv kompetanseoppbygging og gjennomføring av strakstiltak for å betre bustadtilbodet.

Lenke til meir informasjon

Last ned notatet Boligsosiale utfordinger og løsninger

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon