Boligsosiale utfordringer i Kongsvinger kommune – en forstudie

Forfattar:
Åsmund Langsether og Lars Gulbrandsen
Publisert av:
NOVA notat nr 4/11
Oppdragsgivar:
Kongsvinger kommune

Kort om publikasjonen

Som deltakar i Husbanken sitt bustadsosiale utviklingsprogram var Kongsvinger kommune pålagt å gjennomføre ein forstudie med fokus på bustadsosiale utfordringar i eigen kommune. Dette notatet rapporterer på denne forstudien.

Forstudien var meint å gi kommunen eit betre grunnlag for å definere prioriterte mål og peike ut satsingsområde.

Kongsvinger kommune ønskte spesielt kunnskap av to typar: kartlegging av den bustadsosiale situasjonen i kommunen og kunnskap om effektive tiltak. Datagrunnlaget for rapporten består av kommunale dokument og planar, i tillegg til intervju med 19 personar med ulike roller i kommunen og i det bustadsosiale arbeidet.

Oversikt over hovudfunn

Den bustadsosiale aktiviteten i Kongsvinger er karakterisert av ein stor grad av fragmentering.

Det er ikkje etablert organ på det strategiske planet med klart ansvar for å ha oversikt over bustadbehovet, etablere rutinar for samordning av verkemiddelbruken og sikre ei heilskapleg planlegging av bustadtilbodet.

Rapporten peikar på sju spesifikke utfordringar:

  1. dårleg oversikt over behovsstruktur og behovsdekning
  2. underdekning av nokre bustadtypar i bustadmassen
  3. uklare oppfatningar av kva for prinsipp som ligg til grunn for å fastsette husleige i kommunale bustader
  4. blokker utan heis
  5. fragmentering av den bustadsosiale aktiviteten
  6. uklar politisk og administrativ forankring av bustadpolitikken i kommunen
  7. dårleg utnytting av moglegheitene for tilskot frå Husbanken

Lenke til meir informasjon

Les heile notatet Boligsosiale utfordringer i Kongsvinger kommune - en forstudie