Boligsosiale tiltak for vanskeligstilte i Norge

Forfattar:
S. Johansen, K.T. Hammerstrøm
Publisert av:
Notat fra Kunnskapssenteret Juni 2014
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten

Kort om publikasjonen

Notatet er resultatet av eit systematisk litteratursøk. Hensikta var å kartlegge studiar som har undersøkt effekten av eller erfaringar med bustadsosiale tiltak. Notatet fokuserer på studiar som var gjennomført frå og med 2004 i Noreg.

Det blei søkt systematisk i medisinske og sosialfaglege databasar etter empiriske studiar med alle typar forskingsdesign. Søket blei avslutta i juni 2014.

Oversikt over hovudfunn

  • Søket resulterte i totalt 1998 referansar. Av desse blei 31 studiar vurderte som mogleg relevante i høve til inklusjonskriteria.
  • Det blei ikkje funne nokon randomiserte kontrollerte studiar og berre ein studie som brukte kontrollgruppe for å undersøke effekt av tiltaka.
  • Nesten halvparten av studiane som blei inkluderte, undersøkte bustadsosiale tiltak retta mot rusavhengige og/eller bustadlause. I mange av dei andre studiane som blei identifiserte, var det mangelfulle opplysningar i samandraga om både type tiltak og kven tiltaka var retta mot.
  • Det er behov for å gjennomføre kontrollerte studiar av bustadsosiale verkemiddel i Noreg, for å dokumentere eventuell effekt av slike tiltak på å få vanskelegstilte inn på bustadmarknaden og/eller på at vanskelegstilte kan bli buande i eigen heim.

Lenke til meir informasjon

Last ned notatet Boligsosiale tiltak for vanskeligstilte i Norge

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon