Et hjem for oss, men et hjem for deg? En evaluerende studie av boligsosialt utviklingsprogram i Halden, Moss og Sarpsborg.

Forfattar:
T. H. Pettersen
Publisert av:
Mastergradsoppgave i AORG 350. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap. Universitetet i Bergen
Utgivingsår:
2015

Kort om publikasjonen

Oppgåva tar for seg implementeringsprosessen av det bustadsosiale utviklingsprogrammet i Husbanken øst. Bustadsosialt utviklingsprogram blei lansert som eit forpliktande samarbeid mellom Husbanken og utvalde kommunar som blei tatt opp i programarbeidet frå 2009 og seinare. Oppgåva studerer korleis bustadsosialt utviklingsprogram har vore implementert i Halden, Moss og Sarpsborg kommune. Studien er i all hovudsak evaluerande og har hatt som siktemål å vurdere kor stor grad av måloppnåing kommunane har oppnådd sett ut ifrå programmåla.

Studien er ein casestudie med tre ulike kommunar eller casar. Han baserer seg på dokumentgjennomgang og intervju.

Lenke til meir informasjon

Last ned masteroppgåva «Et hjem for oss, men et hjem for deg?».