Velferd og bolig - om boligsosialt (sam-)arbeid

Ulfrstad velferd og bolig
Forfattar:
Lars-Marius Ulfrstad
Publisert av:
Kommuneforlaget
Utgivingsår:
2011

Kort om publikasjonen

Temaet for denne boka er bustad og velferd. Forfattaren meiner at eit grunnleggande element for velferda til den enkelte er å ha ein god bustad og ein god bustadsituasjon. Boka gir ei innføring i bustadsosialt arbeid, oversikt over ulike grupper vanskelegstilte, buoppfølging, forvaltningsnivå, bustadsosial politikkutforming, Housing first-metoden og heilskapleg planlegging. 

Bustadsosialt arbeid fordrar samarbeid mellom fleire ansvarsområde. Boka handlar derfor både om bustaden si betyding for individet si velferd, om innrettinga av norsk velferdspolitikk og om korleis eit breitt, tverrfagleg bustadsosialt arbeid kan bidra overfor den enkelte. 

Oversikt over hovudfunn

  • Housing first-metoden viser at dei aller fleste kan bu i eigen bustad. Nokon kan ha behov for ei tilrettelagt bustadløysing.
  • Det må jobbast tverretatleg for å møte vanskelegstilte sin komplekse problematikk.
  • Det enkelte tiltaket må inngå i eit heilskapleg system som er organisert og innretta for å bryte resirkuleringa av bustadproblema.
  • Eit stort tal på aktørar kan påverke eit individ eller situasjonen i ein husstand. Eit heilskapleg system føreset derfor både kunnskap om og oversikt over alle involverte aktørar. Dei ulike aktørane må avklare si rolle og sitt ansvar i prosessen.
  • Koordinering av systemet må truleg skje gjennom diskusjonar og forhandlingar.
  • Alle kommunar er organiserte ulikt, men aktuelle etatar som bør med i ei koordinering av bustadsosialt arbeid kan vere: bygg-, eigedom- og tekniske etatar, kommunale stiftingar, bustadkontor/bustadteneste, NAV, helse- og omsorg, økonomisk-administrative forvaltningsorgan, tverretatlege team, servicekontor, frivillige organisasjonar inkludert bustadbyggelag.
  • Det er heilt nødvendig at bustadsosiale handlingsplanar blir forankra i anna planarbeid kommunen driv med. 

Viktige prinsipp:

  • Tiltak bør handle om læreprosessar, heller en resultatmål. Bidra til å løyse problemet som heilskap og finne varige løysingar, heller enn at den enkelte etaten skal oppfylle sine eigne målsettingar. Utforming av tiltak og politikk blir då ein sirkulær heller enn ein lineær prosess.
  • Fokus bør vere på å førebu effektiviteten i systemet som heilskap. Etatar er gjensidig avhengige. Kvart delsystem / kvar etat må vere villig til å underordne etaten sine målsettingar til målsettingane i systemet som heilskap.
  • Systemet sin effektivitet må målast ut frå brukarane, ikkje systemet sjølv. I staden for å måle talet på bustadar som er skaffa eller talet på nye stillingar, bør ein ha målsettingar om resultata ein vil oppnå for sluttbrukarar.
  • Utforming og iverksetting av politikk bør ha som mål å forbetre systema heller enn å kontrollere dei. Ein bør fokusere meir på læringsprosesser enn på formalisert rapportering.
  • Iverksetting av politikk må ha klare strategiar for innovasjon, læring, refleksjon og evaluering. Å bli ein lærande organisasjon føreset både kulturelle og organisatoriske endringar. Innovasjon føreset moglegheita for å bryte med etablerte løysingar. Planlegginga av dette vil i seg sjølv innebere samarbeid og samordning både vertikalt og horisontalt.
  • Både vertikalt og horisontalt samarbeid må baserast på å lytte og undersøke feltet i fellesskap. Tiltak i bustadsosialt arbeid blir hovudsakleg evaluert på oppdrag frå enkeltetatar. Dette gir ikkje eit reelt bilete av og kunnskap om situasjonen i systemet som heilskap.

Lenke til meir informasjon

Boken kan bestillast hos Kommuneforlaget.

Presentasjon av boken av Lars-Marius Ulfrstad.