Lokal boligsosial samstyring

Kapittel 12 i boken Boligmarked og boligpolitikk. B. I. Nordahl (red.). Trondheim: Akademika Forlag

Forfattar:
E. Dyb
Utgivingsår:
2012

Kort om publikasjonen

Kapittelet drøftar utfordringar med koordinering og samstyring på det bustadsosiale feltet med konkrete eksempel. Utgangspunktet for drøftinga er den spesialiserte velferdsstaten og velferdskommunen og behovet for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar både innåt i kommunen og mellom kommunen og statlege aktørar. Ulike utfordringar og dilemma knytte til oppbygging av det bustadsosiale arbeidet i kommunane blir belyste gjennom to statlege satsingar: Prosjekt bustadlause og Nasjonal strategi for å førebygge og kjempe mot bustadløyse.

Oversikt over hovudfunn

  • Mange bustadlause personar og husstandar har samansette problem og har behov for tenester og bistand frå fleire etatar.
  • Ei utfordring i det bustadsosiale arbeidet er å få til ei fungerande form for koordinering og samstyring mellom ulike faggrupper og etatar.
  • Ei anna utfordring er å etablere det bustadsosiale fagfeltet i kommunen.
  • Den tredje utfordringa er at bustadsektoren representerer ein annan handlingslogikk enn tenesteyting i kommunane.