Bostedsløshet som livsstil

Forfattar:
K. Johannessen
Publisert av:
Kapittel i boken Boligmarked og boligpolitikk. B. I. Nordahl (red.). Trondheim: Akademika Forlag
Utgivingsår:
2012

Kort om publikasjonen

Dette kapittelet viser kva for effektar bustadløyse har på livet til dei som opplever langvarig bustadløyse. Kapittelet belyser korleis dei klarer seg i kvardagen og at strategiane dei nyttar seg av, er ein del av dette. Hensikta med å belyse kvardagen er at kunnskap om bustadlause sitt daglegliv gir moglegheit til å forstå nokre av mekanismane som ligg bak den vanskelege overgangen frå bustadløyse til bustad.

Kapittelet bygger på ein kvalitativ intervjustudie av rusmisbrukarar som har vore bustadlause i ei rekke år.

Oversikt over hovudfunn

  • Mobilitet og fleksibilitet er faktorar ein bør ta omsyn til når langvarige bustadlause flyttar inn i fast bustad.
  • Ei utfordring er at sjølv om ein påverkar dei overlevingsrelaterte strategiane som dei bustadlause har utvikla gjennom økonomistyring og fast husleigetrekk, vil mange framleis ha ei tett tilknyting til gatekulturen.
  • For at overgangen til fast bustad skal vere mogleg å takle, er det nødvendig at hjelpeapparatet tar innover seg at langvarig bustadlause personar ikkje kan skifte livsstil i løpet av ein kort periode.

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon