Survival and Exits in Neighbourhoods: A Long-Term Analyses.

Forfattar:
V. Nordvik og L. M. Turner.
Publisert av:
Artikkel i Housing Studies
Utgivingsår:
2014

Kort om publikasjonen

Artikkelen undersøker kven som blir og kven som forlèt to delar av Oslo (Oslo vest og Oslo nordaust). Fokuset er på majoritetsnorske og personar med asiatisk bakgrunn.

Artikkelen er basert på eit storskala registerbasert longitudinelt datasett med årlege registerdata over innbyggarar i Oslo mellom 1998 og 2008.

Oversikt over hovudfunn

  • Etniske majoritetsnorske si utflytting frå eit område kan ikkje relaterast til størrelsen på innvandrarbefolkninga i det området.
  •  Funnet gir dermed ikkje støtte til førestillinga om «white flight» som ein endringsfaktor i Oslo-området.
  • Hovuddelen av utflyttinga har samanheng med familiar sine livsløp – familien sin størrelse og samansetnad er hovuddrivkrafta bak utflytting.
  • Auking av etnisk eller økonomisk mangfald i Oslo vil ikkje auke utflyttinga av majoritetsnorske i nokon særleg grad.

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Survival and Exits in Neighbourhoods


Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon