- Forfattar:
- Berit Johnsen
- Publisert av:
- Kritisk Juss
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsutførar:
- Kriminalomsorgens utdanningssenter, KRUS
Kort om publikasjonen
Denne artikkelen omhandlar prøvelauslating frå forvaring utover eittårsfristen jf. straffelova § 39 g, og kva for problemstillingar som kan knytast til desse sakene. Dette påverkar domstolane si behandling av dei nemnde sakene, det vil seie tolking av lovverk, politiske og etiske aspekt.
Oversikt over hovudfunn
Det er fleire
problemstillingar som er knytte til den såkalla refusjonsordninga –
prøvelauslating frå forvaring med vilkår om opphald i institusjon utover eitt
år:
På grunn av dommarane sin avgrensa kjennskap til kriminalomsorga og
refusjonsordninga blir svara omkring ansvarsfordelinga, finansieringa og
kommunen sitt samtykke ofte uklare og uforståelege. Dette gjer retten si behandling
av desse sakene vanskeleg.
Manglande moglegheiter for progresjon for forvaringsdømte kan vere noko av bakgrunnen for at ordninga har blitt meir omfattande enn ein trudde.
Omfanget og dei uklare momenta har reist ein diskusjon om kostnader og målgruppe for ordninga, men også meir prinsipielle diskusjonar med etiske og politiske dimensjonar knytt til å halde menneske med diagnosen psykisk utviklingshemma under straffegjennomføring over lengre tid.
Lenke til meir informasjon
Lengre samandrag av publikasjonen
Ein studie av prøvelauslatingar frå forvaring med vilkår om opphald i institusjon eller kommunal bueining utover eittårsfristen (refusjonsordninga), jamfør straffelova § 39 g, viser at det er ei rekke problemstillingar relaterte til desse sakene.
Retten si behandling av sakene blir vanskeleg på grunn av dommarane sin manglande kjennskap til ordninga, uklare forhold rundt dei private aktørane si involvering og ei kompleks saksbehandling i kriminalomsorga. På grunn av at ordninga er blitt meir omfattande enn ein trudde, noko som kan sporast tilbake til manglande moglegheiter for progresjon i soninga for forvaringsdømte, har det også oppstått diskusjonar om kostnader og målgruppe for ordninga. Dette er diskusjonar som påverkar domstolane si behandling av desse sakene.
Rettspraksis på dette området reiser en del spørsmål av både praktisk og prinsipiell art, som blant anna dreier seg om tolking av lovverket og dei politiske og etiske aspekta ved å halde menneske med diagnosen psykisk utviklingshemming under straffegjennomføring over lengre tid. Ved å belyse desse problemstillingane håper eg å kunne informere om ordninga og skape debatt rundt nokre sentrale problemstillingar knytte til prøvelauslating frå forvaring.