Pathways to Integration

Cross-cultural Adaptions to the Housing Market in Oslo

Forfattar:
S. Søholt
Publisert av:
Artikkel i Journal of Ethnic and Migration Studies. 2014, Vol. 40, nr. 10, s. 1637-1656
Utgivingsår:
2014

Kort om publikasjonen

Artikkelen utforskar korleis innvandrarar tilpassar seg bustadmarknaden. Innvandrarar flyttar ikkje berre frå et land til eit anna, men også til ulike nye levemåtar og ulike bustadsystem. Artikkelen diskuterer korleis innvandrarar frå ulike kategoriar nærmar seg til og tilpassar seg bustadmarknaden. Analysen er basert på intervju med personar frå husstandar med pakistansk, tamilsk og somalisk bakgrunn i Oslo. Analysen bygger på samspelet mellom individuell agens, tilgang til strukturar i bustadmarknaden og kulturell tilhøyrsle. 

Ei beskriving av korleis husstandar med pakistansk, tamilsk og somalisk bakgrunn handlar for å sikre bustadsituasjonen sin. Artikkelen diskuterer korleis verdiar og tradisjonar varierer mellom desse gruppene og støttar eller hindrar, og utviklar ein krysskulturell typologi basert på samanlikning og kontrastering av dei ulike gruppene sine handlemåtar. 

Oversikt over hovudfunn

  • Å synleggjere innvandrarar sine husstandstilpassingar, strategiar og erfaringar kan bidra til å utvikle politikk som støttar innvandrarar, med ulike ressursar til å finne måtar å tilpasse seg bustadsystemet på.
  • Den krysskulturelle typologien gir innsikt i forholdet mellom individuelle ambisjonar og agens, kulturell tilhøyrsle og den spesifikke lokale konteksten, og viser at det er fleire måtar å tilpasse seg bustadsystemet på.
  • I tillegg til sosioøkonomiske ressursar på husstandsnivå så har individuelle forhold (som ambisjon og agens) innverknad på tilpassinga til bustadmarknaden.
  • Dei som klarer å bruke kunnskap dei har med seg til å finne opningar og moglegheiter i det nye bustadsystemet, er i ein gunstig posisjon.

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Pathways to Integration

 

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon