Tilpassing av bustad, funksjonshemmet barn

En mellomstor kommune på Vestlandet står ansvarlig for eksempelet. Kommunenavn oppgis ikke av hensyn til brukerne.

Ansvarlig enhet:
Boligteamet på kundetorget
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Familie med fire barn der eit barn er multifunksjonshemma. Behov for tilrettelegging av bustad for at barnet skal fungere saman med familien i bustaden. Bustaden er over tre plan. Familien har fått utgreidd og innvilga søknad om finansiering av nybygd hus.

Resultat

  • Vi fekk gjort ein grundig vurdering av dagens bustad og mogeleg løysing for å tilrettelegge denne. Denne prosessen gjekk over fleire år, derav to rundar med arkitekthjelp.
  • Vi fekk avklart at tilrettelegging av dagens bustad ikkje var beste alternativ
  • Der blei prosjektert ny bustad i samarbeid med byggefirma, hjelpemiddelsentralen, ergoterapeut, boligkonsulent og bruker
  • Familien har fått planlagt og finansiert ein nybygd tilpassa bustad
  • Familien fekk ein «skreddersydd» bustad som ivaretek behova for barnet og resten av familien

Bakgrunn

Eit par med fire barn i skulealder. Eldste barnet på 11 er multifunksjonshemma og har personlig assistent. Familien bur i eigen einebustad over tre plan. Sokkeletasjen er tilrettelagt som leilighet for barnet med assistentar, men arealet i denne etasjen er lite. Det er heisløysing som gir tilgjenge til andre etasje/opphaldsrom for resten av familien. I andre etasje er det ikkje trinnfri tilkomst inn og ut av bustaden for rullestol. Familien ønskjer helst å behalde bustaden sin, og det er vanskeleg å finne andre alternativ i område dei bur i. Dei har normale inntekter, men høge utgifter til bustadlån frå før.

Målsettinger

  • Vurdere kva mogelegheiter det er for å utvide/tilrettelegge bustaden
  • Vurdere om tilrettelegging av dagens bustad er beste alternativ
  • Vurdere dei økonomiske ramene for familien
  • Legge best mogeleg tilrette for bruk av hjelpemiddel i bustaden
  • Skaffe finansiering for tilrettelegging og nybygging av bustad.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1
Tilrettelegging med hjelpemiddel i eksisterande bustad frå barnet var ca 2 år i samarbeid med, ergoterapeut. Starta dialog /informasjon omkring bustad/framtidige behov.

Trinn 2
Familien søkte prosjekteringstilskot, og saksbehandler for lån/tilskot anbefalte denne. Første vurdering av den økonomiske situasjonen til familien vert gjort i samband med dette.

Trinn 3
Familien fekk innvilga prosjekteringstilskot og engasjerte arkitektfirma.

Trinn 4
Arkitekten kom med forslag om mogeleg utbygging og førebels pris. Familie, ergoterapeut og arkitekt samarbeider om utkast. Familie avslutta samarbeidet med arkitekt, men ønskjer anna løysing.

Trinn 5
Familie planla og utførte ei tilrettelegging av sokkeletasjen som leilighet for barnet og personlege assistentar. Ergoterapeut gav innspel til planane. Arealet var knapt, men fungerte. Hjelpemiddel på bad og til forflytning frå NAV Hjelpemiddelsentral. Heis mellom etasjane. For å ha tilgang til resten av familien sitt areal, var det behov for ytterlegare tilrettelegging av tilkomst/uteområde i 2. etg, og tilkomst til 3. etg der søsken hadde sine aktivitetar.

Trinn 6
Familien søkte på nytt prosjekteringstilskot og fekk dette innvilga, arkitekt kom med forslag til løysing.

Trinn 7
Det vert søkt om finansiering; banklån, startlån og tilskot.

Trinn 8
Det vert søkt om byggeløyve og det vert innhenta anbod. Eit arkitektfirma tok seg av dette.

Trinn 9
Det er vanskelig å få byggefirma til å ta denne jobben. Eit byggefirma meinte dette var ei vanskeleg løysing og foreslo nybygg på anna tomt som var tilgjengelig i rette område.

Trinn 10
Nye rundar med bank, byggefirma, ergoterapeut, hjelpemiddelsentralen for å gå gjennom saka på nytt.

Trinn 11
Byggefirma teiknar forslag til ny bustad. Familien bestemmer seg for å gå for nybygg i staden for å tilrettelegge dagens bustad.

Trinn 12
Ergoterapeut kallar inn til fellesmøte der familie, byggefirma, ergoterapeut, Nav hjelpemiddelsentral og bustadkonsulent er med for å sikre gode løysingar i prosjekteringa av ny bustad.

Trinn 13
Endeleg kostnadsoverslag på plass. Bank godkjenner prosjektet og tilskot vert innvilga av kommunen.

Trinn 14
Byggeperioden. Familien er byggherre og styrer prosjektet og held kontakt med ergoterapeut.

Relevant lovverk

  • Forskrift om tilskudd til etablering og tilpasning av bolig.
  • Krav til bolig/Arealbehov TEK 10 Kap 12 + utvida krav til areal utifrå behova til brukar i denne konkrete saka (behov for areal til hjelpemiddel og pleiepersonell mm).
  • Lov om folketrygd § 10-6 Stønad til bedring av funksjonsevne i dagleglivet ( for eksempel hjelpemiddel som høgderegulerbar seng, takheis for å lette forflytningar, rullestol, hjelpemiddel på bad osv.

Sikre brukermedvirkning

Familien har heile tida vore involvert og styrt saka sjølv. Det har vore fellesmøte med ergoterapeut, NAV hjelpemiddelsentral, byggefirma, ergoterapeut og bustadkonsulent.

Finansiering

Høge kostnader i prosjektet på grunn av stor familie og behov for store areal. Prosjektet blei finansiert med eigenkapital, lån i privat bank og tilskot fra kommunen. I tillegg fekk dei hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, blant anna heis. 

 

Suksessfaktorer

  • Løysingsvilje og godt samarbeid mellom brukar, ergoterapeut, bustadkonsulent og eksterne aktørar.
  • Tålmod, for saka har teke lang tid.
  • Fellesmøte der Nav hjelpemiddelsentralen også deltok for å avklare muligheter og avgrensingar i forhold til hjelpemiddel.

Utfordringer underveis

  • Kommunen hadde ikkje eigen byggteknisk fagperson på den tida, og vi måtte bruke eksterne til vurderingane.
  • Vi brukte lang tid og mykje ressursar på å vurdere tilpassing av noverande bustad. Kunne det vore avklara tidlegare at dette var for vanskeleg?
  • Burde oppdraget til arkitekt vore bedre spesifisert? Vi opplevde at arkitekt jobba fram ei løysing som var dyr, og som ikke ville gi godt nok resultat. 
  • Kunne vi fått avklara tidligere at prosjektet burde endrast?
  • Brukar legg føringane. Det er vanskelig å få han til å akseptere at dagens bustad ikkje kan bli godt nok tilpassa og det tok lang tid før dette vart akseptert.

Tips til andre

  • Ha synfaring med eigen byggteknisk kompetanse, før du bestiller arkitekt, for å avklare hva arkitekten skal bistå med.
  • Gi tydelig bestilling til arkitekt, særleg dersom det er uklart om dagens bustad kan fungere i framtida.
  • Felles møter med alle involverte partar gir grunnlag for godt samarbeid.
  • Svært viktig at alle involverte får samme informasjon samtidig.
  • Gi råd basert på kva du meiner er best  - men godta at brukar kan bestemme seg for ei anna løysing.

Videreføring av arbeidet

Familien bygger ny bustad som er tilpassa behovet.