Tilpasning av bad og inngangsparti

En mellomstor kommune på Vestlandet står ansvarlig for eksempelet. Kommunenavn oppgis ikke av hensyn til brukerne. 

Ansvarlig enhet:
Bustadteamet, Kundetorget
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Ein eldre mann har fått varig nedsett gangfunksjon på grunn av kneoperasjon. Han kjem seg ikkje inn/ut av bustaden på eiga hand på grunn av trapper. Det har oppstått eit behov for tilrettelegging av bad og inngangsparti.  

Resultat

  • Badet blei utvida
  • Nivåforskjellar i golv blei jevna ut
  • Det blei montert ein løfteplattform

Mannen kjem seg no inn/ut av bustaden og det er terskelfri overgang frå soverom til bad. Han kan difor fortsetje å bu i bustaden sin.

 

Bakgrunn

Eit eldre ektepar bur i ein bustad over to plan. Mannen er røyrslehemma og kona er i tillegg dårleg til beins. Inngangspartiet er i andre etasje med stove, kjøkken, soverom og bad. På grunn av utvendig trapp må han berast inn/ut av bustaden. Mannen kjem seg heller ikkje frå soverom til bad på grunn av høgdeforskjel mellom romma. 

Målsettinger

  • Gi brukar råd, og eit godt grunnlag til å avgjere kva som skal gjerast med bustaden, slik at dei kan fortsetje å bu heime.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1
Ergoterapeut kontakta bustadrådgjevingsgruppa etter å ha motteke tilvising frå brukar.

Trinn 2
Ergoterapeut informerte gruppa om brukaren sin situasjon, og eit fellesmøte med brukar blei avtalt.

Trinn 3
Bustadrådgjevingsgruppa hadde synfaring i heimen hos brukar og dei tekniske mogligheitene der vart vurderte. Brukar fekk òg informasjon om mogeleg finansiering.

Trinn 4 
Ergoterapeut laga rapport til brukar med bustadrådgjevingsgruppa sine anbefalingar:

  • Utvide badet og heve nivået på golv slik at det blir terskelfri overgang frå soverom til bad. 
  • Skifte ut nokre av dørene i bustaden til breiare dører.

Andre funksjonar i huset kjøkken, soverom, stove, terasse var tilgjengelege. Utforming av tilkomstparti gir ikkje rom for å tenke rampeløysing eller tilskot i staden for heis/rampe for å endre terreng for varig tilkomst/tilrettelegging. Med utgangspunkt i vurdering av desse forholda har vi ikkje konsentrert oss om andre deler av huset enn bad og tilkomst til bustad.

Trinn 5
Brukar avgjer kva han vil gjere, og står som ansvarleg for gjennomføring av arbeidet.

Trinn 6
Ergoterapeut søkte om løfteplattform frå NAV. Dette vart innvilga. Løfteplattformen er montert slik at mannen kjem inn/ut av bustaden.
 

Relevant lovverk

  • Forskrift om tilskudd til etablering og tilpasning av bolig
  • Lov om folketrygd (hjelpemiddel) - §10-6 Stønad til betring av funksjonsevne i dagleglivet. Lovverket er relevant fordi det utløyser stønadsrett for hjelpemiddel som kompenserer for tapt funksjon i daglege gjeremål; i dette tilfelle manglande funksjon til å vere mobil inn/ut av eigen bustad- som dermed hindrar han i deltaking i uteaktivitetar og mobilitet i nabolaget mm.
  • Byggteknisk standard 2010 (Tek10) Kap.12: Planløysing og bygningsdeler i byggverk. 
    §12 -9 (Bad og toalett) relaterer til dagens krav om tilgjenge/utforming av bustad (eks: dørbredder, trinnfri dusjsone, areal rundt vask og toalett mm.) 
    Eventuelt § 12-2,2 Krav om tilgjengelig boenhet.

I dette tilfellet vart kravet dekka via bruk av hjelpemiddel (løfteplattform).

Sjekkliste vi brukte er «Funksjonsattest for bustad»- Befaringsrapport.

Sikre brukermedvirkning

  • Fellesmøte heime hos brukar. Brukar, ektefelle og sønn deltok på møtet. Dette for å sikre at brukar får all nødvendig informasjon. Brukar presenterte også sine ønskjer og behov.  
  • Brukar og familien hans avgjer kva som skal gjerast og er ansvarleg for framdrift.

Finansiering

Ekteparet har vanleg god økonomi, og lite gjeld. Dei har i utgangspunktet høve til å dekke kostnadene med å tilpassa badet sjølv. Det er ikkje søkt om tilskot eller anna finansiering i denne saka.

Suksessfaktorer

  • Bustadrådgjevingsgruppa hadde felles synfaring hos brukar, og kom med forslag til brukar.
  • Brukar fekk informasjon om ulike finansieringsmogelegheiter og hjelpemiddel i heimen, og slapp å venda seg til ulike kontor.

Utfordringer underveis

Brukar hadde ikkje teikningar over bustaden sin. Vi opplevde at dette måtte kjøpast frå kommunen, og ville ikkje pålegge brukar desse kostnadene i startfasen.  

Tips til andre

  • Skaff deg best mogeleg grunnlag, som teikningar og anna informasjon, før synfaring hos brukar.
  • Ha felles møter med alle involverte parter. Dette medverker til eit godt samarbeid og alle får same informasjon.
  • Gi råd om kva som kan/bør bli gjort, menver merksam på at det er opp til brukar å ta avgjerd om dette.

Vi brukar funksjonsattesten, som er utvikla av Husbanken og NAV, ved synfaring av bustad. 

Videreføring av arbeidet

  •  Bruker har fått rapport med råd om kva som bør gjerast i bustaden.
  • Bruker har fått tilkomst til bustaden gjennom installering av hjelpemiddel/løfteplattformfrå NAV.

Vedlegg

Redskap for å vurdere og beskriv tilgjengeligheten i boliger