Sentrumsprosjekt gav bustadvekst i Vegårshei

Vegårshei kommune er ansvarleg for denne teksten.
Myra boligområde
Håvet bustadområde i Vegårshei sentrum med 18 leilegheiter til høgre og 16 tomannsbustadar til venstre.
Ansvarlig aktør:
Vegårshei kommune
Kommunestørrelse:
Liten
Fylke:
Agder
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Vegårshei kommune vart med på eit ambisiøst stadsutviklingsprosjekt og drøymde om 100 fleire innbyggarar innan 2018. Satsinga var så vellykka, at i 2016 etablerte nærare 200 nye skattebetalarar seg i den vesle bygda i Agder. Dei aller fleste nyetableringane har også kome mindre enn 500 meter frå sentrum. Det er spesielt eit verkemiddel som peiker seg ut i denne historia: Bustadar.

Resultat

  • Bustadbygginga i sentrum frå 2007 til 2014 meir enn tredobla seg.
  • Målet om 100 fleire innbyggjarar innan 2018 vart nådd allereie i 2012, og i 2015 var talet oppe i 179 nye innbyggjarar.
  • Sentrum har får eit løft og fleire menneske møtast der. Trivselen aukar, noko som gjev betre helse og livskvalitet. Færre innbyggjarar er einsame.
  • Befolkningsveksten i Vegårshei viser at det er attraktivt for folk i alle aldrar å bu i sentrum, ikkje berre for eldre. 
  • Det er miljøvenleg med mindre trafikk og lågare energiforbruk når fleire bur i sentrum.
  • Det er kort veg for hjelpetenestene til innbyggjarar som treng hjelp.

Bakgrunn

Stadig fleire ønskjer å bu i eller nærare sentrum i byane. Mange kommunar slit med å halde på sine eigne innbyggjarar og tiltrekkje seg dei unge, fordi dei ikkje har attraktive bustadar tilpassa ulike livssituasjonar, arbeidsplassar eller eit variert kulturtilbod. Vegårshei kommune ynskja å gjere noko med dette. Eldrebølga tvingar fram ein bustadpolitikk med korte avstandar til møteplassar, butikkar og servicetilbod, slik at folk kan bu heime lengre.

Målsettinger

  • Auke innbyggjartalet med 100 frå 2006 til 2018.
  • Utvikle metodar og konkrete eksempel som kan vere til vekst i innbyggjartal som andre kommunar kan lære av.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1:

I kommuneplanen 2006-18 sette Vegårshei kommune seg eit mål om å auke innbyggjartalet med 100 fram mot 2018. I kommuneplanen var bustader heilt sentralt, og ei heilskapleg utvikling av sentrum med korte avstandar, møteplassar og fibernett. Bustadpolitikken skal vere første ledd av helse- og omsorgstenester. Vi erfarte at helse og omsorg også handlar om å førebygge at folk vert einsame og å skape sosiale møteplassar.

Trinn 2:

Kommunane Vegårshei, Iveland og Åmli, Aust-Agder(nå Agder) fylkeskommune og Husbanken danna eit nettverkssamarbeid om prosjektet «Den levande bygda». Målet med nettverket var å utvikle metodar og konkrete eksempel som fører til vekst i innbyggjartal som andre kommunar kan lære av.

Trinn 3:

Kommunen bestilte ei grundig kartlegging av areala i sentrum, kva områder som nyttast i dag, potensialet for fortetting og gode møteplassar. Etter at prosjektet kom i gang i 2007, byrja kommunen å føre ein meir bevisst bustadpolitikk som vart forma etter innbyggjarane sine utfordringar og etterspurnad. For å få engasjert innbyggjarane til å vere med og utvikle bygda si, jobba kommunen med to konkrete prosessar:

  1. Reell medverknad
    Dette betyr at ein brukar tid og ressursar for å oppnå dialog og tillit til innbyggjarane og ulike brukargrupper. Kommunen arrangerte mange folkemøter og møter i mindre grupper (begeistRinger) med ulike satsingsområde.

    I oppstarten til planarbeidet brukte ein mastergradsoppgåva om tettstadsutvikling på Vegårshei, utarbeidd av landskapsarkitekt Elise Alfheim frå UMB Ås, som grunnlag. Oppgåva «Et samlende sentrum – sett i et 10-30 års perspektiv» inneheld idéskisser og spenstige forslag som fungerte som blikkfang utanfor butikken på laurdagar. Dette førte til ein god oppstartsdialog med store delar av innbyggjarane i bygda. I tillegg hadde forfattaren intervjua skuleklassar og gjort seg kjend med bygdas historie og særtrekk. 
     
  2. Engasjement og forankring
    Masteroppgåva hadde mange interessante idear og avdekka endå fleire alternativ. For å konkretisere tilbakemeldingane vart konsulentar i Asplan Viak og Grønn strek engasjerte. Dei skulle utvikle alternative idear og deretter lage grunnlaget for revidert reguleringsplan for sentrum. Styringsgruppa med ordfører, andre leiande politikarar, administrasjonen og representantar frå innbyggjarane i kommunen, fylket og Husbanken var samla for å utvikle sentrumsplanen. 

    Startskotet var i november 2007 med eit seminar over to dagar for å dykke ned i arbeidet og kome opp med alle tenkjelege kreative forslag til løysingar. Kommunestyret hadde ei samling tidleg, for å forankre arbeidet politisk.

Trinn 4:

Kommunen la til rette for bustadtomter og bygging i ein plan for sentrumsutvikling. Til ei kvar tid var det cirka 20 byggjeklare bustadtomter og ytterlegare 20 til regulering for bustadutvikling. Slik er det også i dag. Ut over dette treng ikkje kommunen å styre utviklinga så mykje. Utbyggjarane har forstått at folk vil bu i mindre bustadar i sentrum, og at universell utforming er ein fordel.

Vi erfarer at dei som har flytta inn til sentrum er veldig fornøgde. Mange av dei skulle gjerne gjort det tidlegare, no som dei har erfart fordelane av å bu nærare andre og tilboda på staden.

Trinn 5:

Eit særpreg ved det indre sentrum var gardstun med eldre våningshus og tilhøyrande uthus. Fem av låveeigarane vart med i delprosjektet «begeistRing for låver». Prosjektet dekka arkitektteikna skisser som fekk fram moglegheitene for ombygging med universell utforming for kvar av låvane. På ein gard vart hovudhuset renovert og bygd om til to bueiningar. Den rotne låven var verneverdig, så eigarane bygde opp ein ny låve med tilnærma identisk fasade inni det falleferdige skalet og oppå den originale grunnmuren. Dei tok vare på den originale fargen Rørosrød. Eit anna fjøs vart til tre leilegheiter; ein på 66 kvadratmeter og to på 33 kvadratmeter.

Trinn 6:

Bustadbygginga i sentrum meir enn tredobla seg. Talet på ferdigstilte bustader auka frå 30 til 110 på dei sju første åra etter at prosjektet starta, samanlikna med dei sju åra før. Det vart i tillegg bygd 40 nye leilegheiter i sentrum. Det var nok einebustadar i bygda, derfor var det viktig å byggje tomannsbustadar og leilegheiter.

Den levande bygda fekk etter kvart eit innhald som handla om utvikling og marknadsføring av tettstad, buområde, kultur og næringsliv.

Sikre brukermedvirkning

Gjennom folkemøter.

Finansiering

Totalt har Vegårshei kommune finansiert prosjektet med kr 1 666 000. Husbanken har bidratt med kr 1 750 000, og Aust-Agder(nå Agder) fylkeskommune med kr 2 230 000. I 2007 mottok prosjektet også kr 100 000 fra Fylkesmannen i Aust-Agder. Desse midlane skulle dekke driftsutgifter i samband med begeistRingene.

Suksessfaktorer

  • Reelle medverknadsprosessar

Tips til andre

  • I medverknadsprosessar: Det er avgjerande at kommunen er ærleg på kva dei er opne for innspel på, og kva som er avgjort på forhand. Dette hindra frustrasjon og misforståingar blant innbyggjarane.

Vedlegg

Publiserte artikler

Les meir om Vegårsheiprosjeket på Distriktssenteret.