Godt å bu heime. Ta grep før noko uventa skjer.

Familie foran hus
Ansvarlig aktør:
Stord kommune
Ansvarlig enhet:
Eining for aktivitet og rehabilitering.
Kommunestørrelse:
Mellomstor
Fylke:
Hordaland
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Prosjektet «Godt å bu heime» er eit prosjekt som skal gi kompetanseheving og spre informasjon om universell utforming og branntryggleik til innbyggjarane og bransjen tilknytta dette. Målet er at fleire skal kunne bu heime uavhengig av livssituasjon. Dette gjeld alle innbyggjarane i alle fasar av livet. 

Resultat

  • Informasjon til folk flest i Stord kommune om det smarte ved å ha ein funksjonell bustad.
  • Informasjon om universell utforming og branntryggleik til bransjen.
  • Folkemøte med informasjon om branntryggleik, universell utforming og ansvar for eigen bustad.
  • Samarbeid internt i kommunen om gode bustader.
  • Opplæring av eigne tilsette. 

Bakgrunn

Bakgrunnen for prosjektet «Godt å bu heime» er eit ynskje om at fleire skal ha ein bustad ein kan bu i uavhengig av livssituasjon. Dette gjeld alle innbyggjarane i alle fasar av livet.

Kommunen opplevde at det var utfordrande å ta imot ferdigbehandla pasientar frå sjukehus, eller å gi hjelp og behandling i heimen på grunn av lite funksjonelle hus.

Kommunen har gjennom mange år hatt stor merksemd på universell utforming i eigen bustadmasse. 63 % av dei kommunale utleigebustadane er tilgjengelege for rullestolbrukarar per 2017. Det er særs viktig for dei som bur i kommunal bustad at denne er tilrettelagt, sidan dei oftast har utfordringar innan rus eller på annan måte har behov for tilrettelagt bustad. Alle som treng tilrettelagt kommunal utleigebustad i dag får det, men også her kan det vere utfordrande å finna «rett» bustad som er tilrettelagt.

Kommunen hadde eit ynskje om å informere innbyggjarane om at dei har og må ta ansvar for at bustaden er eigna, slik at dei kan bu der uansett og få nødvendig hjelp i eigen heim.  

Det er stort behov for rettleiing og kunnskapsformidling om kva som gjer ein bustad funksjonell og trygg gjennom livet.

Kommunen mangla ein strategi for å møte befolkninga sitt behov for kompetanseauke på universell utforming og kva brannsikringstiltak ein bør setje i verk.

Målsettinger

  • Flest mogeleg av innbyggjarane på Stord skal ha fått informasjon om at det å ha ein bustad som er trygg og utforma på ein slik måte at dei kan bu der uansett livssituasjon, er kvar einskild sitt eige ansvar. 
  • Flest mogeleg av innbyggjarane på Stord skal ha fått rettleiing til å ta gode val når det gjeld bustad med tanke på kvardagsliv og framtid.
  • Flest mogeleg av innbyggjarane på Stord har fått auka kompetanse om universell utforming og brannførebygging.
  • Stord kommune har ein strategi for å hjelpe innbyggjarane til å ta gode og framtidsretta val for bustad også etter at prosjektet er avslutta.
  • Delmål: Flest mogeleg entreprenørar, leverandørar og bustadutviklarar på Stord har vore i dialog med prosjektleiar/prosjektmedarbeidarar/styringsgruppe om korleis legge til rette for at nye bustader skal vere tilgjengelege og trygge.
  • Kommunale utleigebustadar skal også vera tilrettelagte slik at dei som leiger der kan verte buande lengst mogeleg.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1

Søkte om prosjektmidlar og fekk positivt svar. Tilsette prosjektleiar og sette ned styringsgruppe og prosjektgruppe. Oppretta samarbeid med reklamefirma og fekk hjelp til korleis nå ut til flest mogeleg.

Trinn 2

Oppretta Facebook-side for prosjektet. Informasjon om prosjektet i lokalaviser og heimesida til kommunen. Søkte om deltakarar til prosjektet og etablert samarbeid med desse. Dette er familiar som ønskjer gjere bustaden sin tilgjengeleg, funksjonell og brannsikker og firma som ønskjer å bidra til dette.

Innbyggjar i møte med kommune ansatte planlegging

Felles planlegging med familie som ynskjer å gjere bustaden tilgjengeleg. 

Trinn 3 

Arrangerte fleire seminar same dag; eitt for bransjefolk, eitt for kommunalt tilsette og eitt på kveldstid for innbyggjarane.  Innlegg frå NAV, Husbanken, tilsette i kommunen, brukarrepresentant  med meir. På seminaret for tilsette vart det sett søkelys på at universell utforming er særs viktig for vanskelegstilte og det vart gitt informasjon om «Housing First»-metoden og om avdelinga for folk med  rusmiddelavhengigheit på sjukeheimen.

Trinn 4

Jobbar med deltakarane i prosjektet og sakene deira. Har hatt fleire avisoppslag og storannonse i avisvedlegg om gode eksempel og om familie som er med i prosjektet.
Dokumenterer prosjektet med filmsnuttar som ligg på Facebook-sida og på heimesida til kommunen.

Fleire innbyggjarar har kontakta prosjektet for råd. Viser til bransjen sidan firma skal kunne nok om universell utforming til å gi råd i dei fleste saker. Kommunen og bustadrådgjevingsgruppa skal berre involverast i særleg kompliserte saker.

Trinn 5

Planlegg fleire bransjemøter utover hausten 2018. Planlagt samarbeid med Hordaland fylkeskommune for å realisere mål i regional plan for folkehelse der det mellom anna er sagt at Hordaland skal vere eit universelt utforma samfunn innan 2025.  Ein strategi for å nå målet er auka kunnskap og kompetanse om universell utforming.

Trinn 6 

Arbeidet med «Godt å bu heime» skal vidareførast, også etter at prosjektet er slutt:

  • «Godt å bu heime» si Facebook-side der ein publiserer stort og smått om tema som universell utforming og gode bustader skal vidareførast.
  • På Stord kommune sin nettstad, under «Bustad og eigedom» finn ein informasjon om prosjektet. Informasjonen vil bli oppdatert og oppgradert også etter at prosjektet er ferdig. Ansvaret for Facebook-sida skal vere definert.
  • Alle næringsdrivande har fått brosjyre om «Godt å bu heime» med 10 råd til innbyggjarane om kva dei bør tenke på for å ha ein heim som dei kan bu i uansett og alltid.
  • Alle næringsdrivande får ein stor kalender for 2019 med logo og informasjon om «Godt å bu heime».
  • Nytt prosjekt med fokus på trygt og universelt nærmiljø er ei vidareføring av «Godt å bu heime», og skal mellom anna resultere i føresegner i kommuneplan med konkrete krav til universell utforming.
  • Årlege bransjetreff der tema om trygge og universelle bustader blir vidareført –brannførebygging/trygge bustadar eit tema for «Eining for brann og feiing».
  • Fortsetje å ta opp temaet universell utforming i ulike fora – dagsorden tverrfagleg og tverretateleg.
  • Før prosjekt blir avslutta er det avklart kven og kva avdeling i Stord kommune som har ansvar for vidareføring av prosjektet. Tverretateleg for å sikre forankring: RBO, Brann og Eining for aktivitet og re-/habilitering.

Relevant lovverk

Sikre brukermedvirkning

  • Brukarrepresentant og eldrerådet er med i prosjektgruppa.
  • Samarbeider med firma og får råd frå bransjen om kva dei treng informasjon om og korleis dei ynskjer dette.
  • Er ute og fortel om prosjektet i mange samanhengar – til dømes på eldredagen.

Kommunen er i gang med å utarbeida ein overordna strategi og metode for brukarmedverknad. 

Finansiering

Har fått tilskot til innovasjonsprosjekt og skjønsmidlar frå fylkesmannen etter søknad. Desse midlane går til prosjektleiar, kjøp av tenester og støtte til deltakarane i prosjektet.

Kommunale tilsette bidrar i stor grad i prosjektet – og dette er ein stor arbeidsressurs. I konkrete bustadsaker vert Husbankens verkemiddel nytta.

Suksessfaktorer

  • Godt samarbeid internt i kommunen og med andre instansar som Husbanken og fylkeskommunen.
  • Pengar til å kunne kjøpe profesjonelle tenester som reklamebyrå.   
  • Høve til å tilby støtte til deltakarane i prosjektet. Familiane får litt pengestøtte som skal nyttast til kjøp av tenester hos involverte firma, og firma som er involvert får på denne måten ei lita godtgjersle  for  sitt engasjement.
  • Prosjektleiar som har tid og kan nytta tida fleksibelt, og som ikkje har denne jobben på «toppen av alt anna».
  • God forankring i toppleiinga og engasjerte medarbeidarar.

Utfordringer underveis

  • Tid er viktig – alle andre som ein skal samarbeide med må også ha tid.
  • Når ein målgruppa? Den yngre målgruppa er vanskelegare å nå enn dei eldre.
  • Gjere informasjonen til bransjen interessant nok til at dei kjem.
  • Tenkje langsiktig nok, når prosjekttida er over skal saka leve vidare.

Tips til andre

  • Kjempeviktig å få bransjen med på laget.
  • Informasjon ut og holdningsendring er eit fag som ein ofte treng profesjonell hjelp for å lukkast med, og det er lurt å ha litt «penger på bok» til dette.

Vedlegg

Videreføring av arbeidet

Prosjektet skal gå i alle fall ut 2018. Prosjektet har gitt eit kompetanseløft på området både for kommunen og for bransjen.

Kommunen vil fortsetje å informere innbyggjarane om tilrettelegging av bustad og ansvaret ein har sjølv for dette. Bustadrådgjevingsgruppa og andre som er i kontakt med personar som med behov for tilpassa bustad vil bidra til at fleire bustadar vert universelt utforma.