Etterinstallering av heis i Sunndal kommune

Sunndal kommune er ansvarlig for dette eksemplet.
En blokk med visning av utvendig bygd heis
Ansvarlig aktør:
Sunndal Boligbyggelag
Kommunestørrelse:
Mellomstor
Sted:
Sunndal
Fylke:
Møre og Romsdal
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Sunndal er ein mellomstor kommune i Møre og Romsdal, med om lag 7000 innbyggarar, der om lag 4000 avinnbyggarane bur i kommunesenteret Sunndalsøra. Sunndalsøra har mange lågblokker på tre og fire etasjar som var bygga på 60- og 70-talet, og som ikkje har heis.

Med tilskot og lån frå Husbanken etterinnstallerte Sunndal BBL fem heisar i 2015, og i 2016 arbeidde dei med å etterinstallere ytterlegare sju heisar. Målet var å etterinstallere heis i alle lågblokkene i bygda.  

Eksempelet er hentet fra første del av heisprosjektet, Kvartal XIX.

Resultat

  • Fem lågblokker fekk etterinstallert heis 
  • Det vart utarbeida trinnfri tilkomst frå parkeringsplassane til inngongen til leiligheitene.

Bakgrunn

Sunndal kommune er et industrisamfunn på lik linje med Årdal. På 1950-tallet kom det mange tilflyttarar til kommunen, og det vart bygd mange blokker i perioden 1955-1960. Blokkene er på tre til fire etasjar og var opphaveleg bygde utan heis. På Sunndalsøra er det fem borettslag med til saman 318 bustader, der det kunne vere aktuelt å etterinstallere heis.

Målsettinger

Kvartal XIX borettslag var et ideelt borettslag for det første heisprosjektet. Dette er ei såkalla stjerneblokk med to inngongar der det var mogleg å installere heis utan å rive trappesjakta. Fem heisar kunne gi adkomst til 45 bustader.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1
Sunnbo (Sunndal BBL) hadde vore på befaring i Årdal og fekk god bistand fra Årdal BBL og Greta Steinheim og Markus Vikøren. I Årdal hadde dei allereie erfaring med denne typen prosjekt.

Trinn 2
Bebuarane i Kvartal XIX vart orienterte om heisprosjekt, og det kom i stand eit godt samarbeid med styreleiar og tillitsvalgte i burettslaget. På generalforsamlinga vart det enistemmig oppslutning for å gå inn for heis. Det var kjempebra!

Trinn 3
Markus Vikøren ble prosjektleder og Nils Georg Graskopf vart HMS-ansvarleg. Det ble kjørt delt entreprise, med godt resultat på framdrift og oppfølging. Undervegs har boligbyggelaget vore i dialog med Husbanken og NBBL.

Relevant lovverk

Prosjektleiinga såg på reglane om universell utforming for å få til ei løysing som var tettast mogleg opp mot krava som gjeld for nybygg i dag. 

Sikre brukermedvirkning

Bebuarane i Kvartal XIX vart orientert om heisprosjekt, og det var godt samarbeid med styreleiar og tillitsvalgte i burettslaget.

På generalforsamlinga var det einstemmig oppslutning for å gå inn for heis.

Finansiering

Prosjektet vart finansiert med grunnlån og tilskot til etterinstallering av heis frå Husbanken. I forkant av etterinstalleringa fekk Sunndal boligbyggelag tilskot til prosjektering av heis frå Husbanken. Prosjekteringa omfatta og fire andre borettslag i tillegg til Kvartal XIX

Kostnadsbilete for prosjektet:

Tilskudd til prosjektering kr 562 500 
Egenkapital ved prosjektering kr 562 500
Tilskudd til installering kr 7 864 000
Grunnlån til installering  kr 9 613 000
Totalkostnad kr 18 601 000

Suksessfaktorer

  • God bistand frå Årdal BBL
  • Godt samarbeid  med Husbanken
  • Godt samarbeid med burettslaget
  • Samarbeid med grunn/betong, heisleverandør og stålleverandør fungerte godt

Utfordringer underveis

Stort sett fungerte alt greitt.

Tips til andre

Det er viktig å ha god dialog med burettslaget undervegs, med god informasjon og orientering før generalforsamlinga

Rapporter

To fornøgde bebuarar utanfor den første etterinstallerte heisen i Sunndalsøra. Den nye heisen sett frå utsida.

Publiserte artikler

Artikkel på husbanken.no: Vil ha heis i alle lagblokkene i bygda

Videreføring av arbeidet

Bebuarane er godt nøgde med heisprosjektet. Prosjektet er brukt som et godt eksempel for dei andre burettslaga i Sunndal som ennå ikkje har installert heis.