Eigen avdeling for pasientar med psykiske lidingar og rusproblematikk i sjukeheim

Stord kommune er ansvarleg for denne teksta.
utsikt frå sjukeheimen
Foto: Husbanken
Ansvarlig aktør:
Stord kommune
Kommunestørrelse:
Mellomstor
Fylke:
Hordaland
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Stord sjukeheim har ei gruppe i langtidsavdeling for sjukeheimspasientar som har psykiske lidingar og/eller helseproblem grunna langvarig rusavhengighet. Gruppa er tilrettelagt med god kompetanse hos personalet. Sjukeheimen skal no utvidast og i planlegginga av nytt bygg vert ei avdeling utforma med tanke på denne pasientgruppa.

Resultat

  • Betring av helse og livskvalitet for pasientar med psykiske lidingar og store helseutfordringar grunna langvarig rusavhengighet.
  • Auka kompetanse hos personale i sjukeheim.

Bakgrunn

Det har ikkje vore tradisjon å tenkje at sjukeheim kan vere rett for pasientar med alvorleg psykisk sjukdom eller personar som er rusavhengige. Men me såg at det var vanskeleg for kommunen å gi god nok helsehjelp i eigen heim til einskilde pasientar med slike utfordringar når dei fekk somatiske helseproblem i tillegg, eller som følgje av sin psykiske uhelse og /eller rusmiddelbruk. Nokre klarte ikkje å handtere livet i eigen bustad, og levde under til dels uverdige forhold. Stord sjukeheim starta å ta imot pasientar med slike utfordringar i 2011. Ein definerte ei gruppe som skulle ha ansvar for og kompetanse på området, og ein har gradvis auka tal plassar for pasientgruppa i takt med behovet.

Målsettinger

  • Pasientane skal få god og forsvarleg helsehjelp.
  • Pasientar med psykiske lidingar og/eller rusproblem får plass på avdeling med tilrettelagd tilbod. Pasientane får vedtak om sjukeheimsplass grunna hjelpebehov og funksjonsnivå, ikkje diagnose.
  • Personalet må ha kompetanse på dei spesielle utfordringane hos pasientgruppa.
  • Ved utbygging så skal ei avdeling vere fysisk betre lagt til rette for denne  pasientgruppa.

Beskrivelse av hvem som gjorde hva

Trinn 1:
Tildelingskontoret  i kommunen såg at det var fleire pasientar med psykiske lidingar eller langvarig rusmiddelbruk som hadde aukande grad av hjelpebehov, som det var vanskeleg å gje forsvarleg helsehjelp i eigen heim Tildelingskontoret og leiar ved sjukeheimen hadde dialog om kva behov ein såg og korleis dette best kunne løysast.

Trinn 2:
Stord sjukeheim definerte ei gruppe i ei somatisk langtidsavdeling til å vere den som skulle ta imot pasientar med slike problemstillingar. I oppbyggingsfasen var det fokus på rett samansetning av personale i gruppa, med omsyn til å få god kompetanse på plass. Ein har og hatt fokus på vidare kompetanseutvkling gjennom samarbeidsprosjekt og vegleiing frå spesialisthelsetenesta og tilsette som har teke vidareutdanningar.  Ei somatisk avdeling med 18 plassar og fellesareal i kvar ende av avdelinga vart delt i to med ei dør. Ei gruppe med 10 plassar vart definert til å vere den gruppa som skulle ha kompetanse på psykiske lidingar og rusproblematikk og ta imot dei pasientane som hadde slike utfordringar.

Me valde å definere ei gruppe (gruppe Sør) som skulle vere for pasientar med psykiske lidingar og/eller helseproblem etter rusmiddelbruk, grunna varierte erfaringar med å ha pasientar med slike poblemstillingar i andre sjukeheimsavdelingar. Denne pasientgruppa har ofte andre utfordringar enn pasientar i vanlege somatiske avdelingar. Dei kan trenge meir skjerming enn andre grunna utfordrande atferd knytta til sjukdom eller rusmiddelbruk.

I oppbyggingsfasen av gruppa henta me ressurspersonar frå ei anna spesialgruppe ved Stord sjukeheim, skjerma gruppe for pasientar med demenssjukdom som har spesielt store utfordringar, for å overføre kompetanse på handtering av utfordrande atferd. Me sette og saman gruppa tilsette etter kompetanse, og koordinator på gruppa hadde vidareutdanning innan både, geriatri, psykiatri og sår. Ho har i ettertid og teke vidareutdanning innan rusomsorg saman med ein annan sjukepleiar i avdelinga. Avdelinga har og andre sjukepleiarar med vidareutdanning innan geriatri, sår, vegleiing og KOLS. Fleire fagarbeidarar i avdelinga har og fagskule i eldreomsorg og vidareutdanning i vegleiing. Gruppe Sør har og vore med i eit prosjekt saman med Helse Fonna, SAMSA (samarbeid mellom sjukeheim og alderspsykiatrisk avdeling) som går på kompetanseoverføring og samarbeid. Avdelinga har og arbeidd opp eit godt samarbeid med DPS ved Stord sjukehus i oppfølginga av pasientar med psykiske lidingar.

Trinn 3:
I samband med vedteken utviding av Stord sjukeheim har prosjektgruppa definert at ei avdeling skal byggast med tanke på pasientar som har psykiske lidingar og/eller helseproblem grunna langvarig rusavhengighet. Det har vore  ei partsamansett arbeidsgruppe med deltakarar frå sjukeheimen, prosjektleiar for bustadsosial handlingsplan, representantar for brannvesen og eigedom som har vore med og sett på utforming av avdelinga.

Prosjektgruppa var i ein tidleg fase på besøk til sjukeheimar i Oslo som hadde avdelingar for pasientar med helseproblem grunna langvarig rusmiddelbruk eller psykiske lidingar og arbeidsgruppa har vore på studietur til rusavdeling på sjukeheim i Stavanger og sjukeheimar i Danmark for å sjå korleis dei arbeidde med denne pasientgruppa. Me opplever at me har fått mange gode tips og nyttige innspel til korleis ein kan utforme ei slik avdeling.

Det har vore godt samarbeid med arkitekt i utforminga av avdelingane i det nye bygget ved sjukeheimen. Avdelinga som er tenkt til denne veksande pasientgruppa skal ligge på bakkeplan i nytt bygg. Det vert 18 plassar, delt i tre grupper. Ei gruppe vert til 6 pasientar, medan dei andre to kan me variere talet pasientar på etter kva behovet er ved å flytta på dørar i korridor. Det er tre stover/fellesareal i avdelinga, ei til kvar gruppe, i tillegg til små sitjegrupper eit par andre stader. Det er lagt opp til eitt kjøkken som skal nyttast av alle gruppene, og som kan låsast av. Alle fellesareal kjem til å ha ein liten kjøkkenkrok, men utan omn og liknande utstyr. Avdelinga er lagt på bakkeplan av omsyn til tryggleik. Alle rom har eigen altandør, både for å ha fleire rømningsvegar og for å leggje til rette for at det skal vere enkelt for dei som røyker å gå ut. Det er tenkt golvvarme i alle rom på avdelinga og bruk av material som toler hardare bruk enn i dei andre avdelingane.

Avdelinga skal bruke hovudinngongen til sjukeheimen, men det er og lagt opp til at ein kan nytte ei bakdør på nedsida av bygget dersom det skulle oppstå situasjonar der ein ynskjer å skjerme pasientar som kjem og går.

Hagen utanfor avdelinga er under planlegging. Her tenkjer me at det skal bli lagt opp til at det både er mogleg å slappe av og å vere i aktivitet og at det skal kunne vere aktivtetar som både vaksne og ungar kan like å gjere på.

Relevant lovverk

Prosjektleiar og eigedomsavdelinga følgjer opp lovverk knytt til bygging av nytt hus.

Sikre brukermedvirkning

I dagleg drift av avdelinga er det høg grad av brukermedverknad. Dei tilsette møter dei pasientane som er i stand til det til morgonmøte for å gå gjennom dagen. Pasientane har sjølv vald sin eigen primærkontakt.

Brukarrepresentant har vore med og gitt god innspel til planlegging og detaljtegning av nytt hus/avdeling. Brukarrepresentanten bur på gruppe Sør.

Tilsette har vore representert i alle grupper ved tillitsvalde og verneombod.

Finansiering

Utbygging av nye sjukeheimsplassar er lagt inn i kommunen sitt investeringsbudsjett og økonomiplan. Det vert søkt om investeringstilskot til nye plassar gjennom Husbanken.

Støtte til vidareutdanning frå fylkesmannen.

Suksessfaktorer

  • Kompetanse og gode haldningar hos personalet i avdelinga.
  • Brukermedvirkning i dagliglivet i avdelinga. Morgonmøte.
  • Godt samarbeid med tingarkontoret. Dei vurderer behov for tenestenivå for denne brukargruppa på same måte som for andre som er aktuelle for sjukeheimsplass.
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta, både ved overføring av pasientar og ved vidare behandling.
  • Godt samarbeid med arkitekt og prosjektleiar i planleggingsfasen av nytt bygg.
  • Einingsleiar frå sjukeheimen er med i alle faser av planlegging som eigedomsavdelinga har ansvar for. Slik sikrar me at det er den dagleg drifta av huset i framtida har fokus.

Utfordringer underveis

  •  Atferdsproblematikk knytt til rus og psykisk sjukdom.
  • Pasientgruppa utfordrar og det har vore vanskelege situasjonar med t.d. branntilløp, oversvømmingar, forsvinningar.
  • Stord kommune har låg dekning av heildøgnsplassar og resultatet av å prioritere denne gruppa til sjukeheimsplassar er at det vert ekstra press på tenesten.

Tips til andre

  • Planlegg grundig, og ha fokus på samansetning av personale. Sats på kompetansebygging og utvikling av gode rutinar.
  • Fysisk utforming av avdelinga er viktig, både plassering i bygget og utforming av fellesareal. Å besøka andre for å  sjå og høyra kva dei har erfart har vore viktig for oss.
  • Me har hatt god nytte av tverrfaglege grupper ved planlegging av ny avdeling, med deltaking frå mellom anna verneombod, brannvesen, eigedomsavdeling, sosionom og ergoterapeut.
  • Ta med beburarar i planlegging dersom mogleg.   

Vedlegg

  1. Rutiner for ROS analyse knyttet til enkeltpasienter
  2. Husregler for avdelinga

Videreføring av arbeidet

Gruppa blir vidareført og er tenkt utvida når nytt bygg står ferdig i 2019.